Så blir det stilt
Så blir det stilt
Skuespillere: Tobias Santelmann, Morten Espeland og Håkon Mathias Vassvik
Regi: Torkil Sandsund
Scenografi/kostyme: Dordi Strøm
Omsetjing: Gunnhild Øyehaug
Dramaturg: Kai Johnsen
Lysdesign: Gyril Høgberg
Lyd: Igor Zamarajev
Maske-/parykkdesign: Ingun Ihler Wagner
URPREMIERE: 28. FEBRUAR 2009
Så blir det stilt er Arne Lygres siste stykke. Det byggjer vidare på sukessen Mann uten hensikt, og på stykket Dager under som nyleg hadde urpremiere på Teater Momentum i Odense i Danmark.
I Så blir det stilt smeltar uttrykk og innhald saman i ein tett komposisjon. I ti ulike scenar spør Arne Lygre kva rolle mennesket blir tvinga til å gå inn i for å overleva. Scenane er skrivne som konvensjonelle dramatiske dialogar, men er heile vegen akkompangert av ein eigen kommenterande dialog.
Eit farleg spel
Tre utnulla karrakterar oppheld seg på ein ikkje-stad. Dei freistar å formulere verda. Dei driv fram fragment av ei fortid eller visjonar om ei framtid eller kanskje allegoriske analysar av samtida vår. Den verda vi skimtar bak fragmenta, er nevrotisk, prega av begjær, overskridingsstrong og angst. Og teaterstykket er prega av uro, uro for kva retning denne nevrotiske verda kan utvikle seg i.
Så blir det stilt vert sett i scene av duoen Sandsund/Strøm. Torkil Sandsund vart nominert til Heddaprisen for beste regi i 2007 for Tvillingar som gjekk på Prøvesalen på Det Norske Teatret.
NY NORSK
Under vignetten NY NORSK presenterer Det Norske Teatret og teatersjef Vidar Sandem i 2009 tre lovande norske samtidsdramatikarar. Til våren er det Erlend Sandem og Arne Lygre som blir sett opp på Prøvesalen.
Forfattar Arne Lygre har mottatt økonomisk støtte frå Norsk kulturråd til scenetekstarbeidet.
Tobias Santelmann og Morten Espeland.
Alle foto: Kristin Lyseggen
Tobias Santelmann, Morten Espeland og Håkon Mathias Vassvik
Morten Espeland, Tobias Santelmann og Håkon Mathias Vassvik
Morten Espeland
Tobias Santelmann og Morten Espeland
Håkon Mathias Vassvik